Klar for nye utfordringar i Elfenbenskyste

I august 2025 reiser Magnhild og Morten Sørlie ut til sitt andre år som utsendingar for Misjonssambandet i Elfenbenskysten. Ein ny og spennande kvardag venter dei, og dei er glade for å ha INN-kyrkja og andre forsamlingar i ryggen.

Bilde

Magnhild og Morten Sørlie (Privat foto)

Av Terje Slettebø

Første året i Elfenbenskysten budde dei i storbyen Abidjan. Språkstudie i fransk har vore hovudsaka dette første året. Men også eit viktig år for å bli kjent med kultur, folket, kollega og arbeidet i kyrkja; -Vi har blitt kjent med eit fint folkeslag, dei er positive, takknemlege, opne og veldig sosiale. Kristne og muslimar bur side om side. Vi har budd i ein storby med mykje folk over alt, så det har vore ein stor forskjell frå livet heime. Språkbarrierar har også vor ei utfordring, fortel Magnhild og Morten.

Når dei nå kjem ut til andre året skal dei bu og arbeida i Ouaninou. Ein liten by/landsby nordvest i Elfenbenskysten.
I dette område har Misjonssambandet drive arbeid sidan 1984. Arbeidet er mellom Mahoufolket som er ei muslimsk folkegruppe men også ein del animisme er ein del av kulturen. Misjonen sine utsendingar er velkomne og både dei og lokale menigheter kan fritt forkynne Guds ord. Gjennom åra har ein fått sett resultat av arbeidet ved at enkeltpersonar har tatt imot Jesus. Men Mahouer som blir kristne opplever ofte å mista sitt tidlegare nettverk.

-Det er dei lokale som driv arbeidet, utsendingane frå Norge går meir inn i støttefunksjonar og målet er å gjera arbeidet så sjølvstendig som mogleg, understrekar Morten.

Litteraturarbeid er i gang, dette arbeidet er i hovudsak Bibelomsetjing til Mahou. Gjennom media arbeid produserer ein digitale lydfiler som deles ut til einskildpersonar og grupper. Lydfilene inneheld deler av Bibelen og anna undervisning i kristen tru. Og der er lokal evangelist som reiser rundt i område og samtaler med folk. Nyleg kom ein «Jesus film» på Mahou språket og den vil vera viktige i arbeidet.

Frå november av blir det 6 utsendingar og 2 barn som vil bu i Ouaninou. I juni var dei ein tur i Ouaninou og vart litt kjent med området og presentert for lokale myndigheiter. Fekk møte medarbeidarar, og ikkje minst vera med evangelisten, noko som gjorde inntrykk, korleis ein vart møtt og den openheit som var for å dela evangeliet.

Magnhild og Morten er spent på den nye kvardagen. Ein av Magnhild sine oppgåver blir å arbeida administrativt på Bibelsenteret og vera med og få arbeidet der «opp å gå». Ein ynskjer at Bibelsenteret skal vera plass ein kan arrangera leirer, bibelkurs og anna kurs og opplæring. Morten skal arbeida administrativt i media prosjektet. Dei skal også få vera med evangelisten rundt på evangelisering.

Å læra meir språk vil vera viktig  og dei vil også prøve å læra litt enkelt «Mahou» Relasjonsarbeid vil vera viktig og dei må få struktur over arbeidet og oppgåver og verv som dei har som utsendingar.

Dei er førebudd på ein ny kvardag: - Vi blir meir aleine og må finna oss til rette på ny plass. I Ouaninou er det ein stort marknad som er  handlingplassen og der er lite butikkar så det blir mykje praktisk nytt rundt handling og matlaging. Vi må setja grenser for kva vi kan vera med på slik at vi også får tid til kvile for oss sjølve. Det er mykje nød i område som vi må forhalda oss til, fortel Magnhild og Morten og avsluttar.- Vi er glade vi vi står i ein samanheng og er utsendt både av INN-kyrkja og Misjonssambandet for det er ein stor styrke i tenesta. Vi er glade for alle som husker på oss og arbeidet i bønn.

Ynskjer du å motta nyhetsbrev frå Magnhild og Morten, bruk denne linken https://mailchi.mp/cce82d98a6bc/sorlieielfen
 

Powered by Cornerstone