Margunn og Geir Tore Salmelid frå Lye og INN-kyrkja reiser hausten 2025 ut til sitt 3. år som misjonærar for Dansk Luthersk Mission (LM) i Iringa i Tanzania. Ekteparet kjenner landet godt etter også mange år som utsendingar i Tanzania for Norsk Luthersk Misjonssamband.

Margunn og Geir Tore Salmelid (Foto: privat)
Av Terje Slettebø
Margunn og Geir Tore arbeider nå på det lutherske ,-retreat,- og misjonssenteret i Iringa som LM driver i samarbeid med den evangelisk-lutherske kyrkja i Tanzania. Sentralt i arbeidet der er ekteskapskurs for prester og evangelistar; -Gammal kultur set fast i folket så det er viktig å gje opplæring i kva bibelen seier om ekteskapet og korleis kristenlivet kan levast ut gjennom ekteskapet. Me kan halda fram kva Bibelen seier, men det er dei sjølve som må finna ut av korleis det skal praktiserast i deira liv og ekteskap, seier Margunn, og Geir Tore legg til; -Kan vi få bevisstgjera prester og evangelistar på kva eit kristent ekteskap er så har dei ei nøkkelrolle til å kunna formidla dette vidare til andre. Og fungerer ekteskapa godt er det eit viktig grunnlag for at prestar og evangelistar også kan fungere godt i tenesta.
Responsen på kursa har vore god, mange gjev utrykk for at dei har lært mykje og inntrykket til kurshaldarane er at mange er klare for å gjera endringar i liva sine. Nokre prestar har også begynt å undervise litt i sine lokale menigheter. Det er viktig å utruste dei lokale, for dei er best til å nå vidare ut.
På desse kursa som brukar å gå frå måndag til fredag er det i tillegg til felles undervisning lagt inn tid til gruppesamtale og ikkje minst god tid til samtale mellom ektefellane. Kommunikasjonen mellom ektefellar er viktig også der. Senteret ynskjer å ha minst 8 ektepar på kvart kurs, men har plass til 18. For å få vera med på kursa må begge ektefellane delta og ein må kome utan å ta med barna; -For fleire ektepar kan dette kurset vera første gongen at dei er på tur aleine utan barna, fortel Margunn.
Dei er ærlege på at den største utfordringa i dette arbeidet er å få oversikt over kor mange som faktisk kjem på kursa. Det er ikkje kultur for å melda avbod om noko hindrar ein i å delta på kursa, og blir det meldt avbod kjem det gjerne ikkje før dagen då kurset startar.
Opplegget er 2 kurs kvar månad. Ein nasjonal medarbeidar er kursleder, Geir Tore er undervisningsleder og Margunn er praktisk tilretteleggjar. Alle tre underviser også i tillegg til timelærarar utanfrå.
På ekteskapskursa er det også lagt inn generell Bibelundervisning; -Sjølv om den lutherske kyrkja i Tanzania er den nest største (etter Etiopia) i verdens samanheng er det mange første og andre generasjons kristne og behovet for Bibelundervisning er stort, fortel Geir Tore. -I Tanzania er det mange nasjonale kyrkje som blir påverka av ulike åndelege straumar som bryt med det evangeliske og bibelske synet. Dette blanda med gammal overtru viser oss at Bibelundervisning er viktig, konstaterer ekteparet Salmelid.
I samarbeidet med den Lutherske kyrkja i Tanzania opplever Margunn og Geir Tore at det er viktig å ha fokus på evangelisering og misjon for dette er nok eit svakt punkt i arbeidet. Og mellom ekteskapskursa finn dei difor også plass til kurs med fokus på å nå vidare ut med evangeliet.
Det kan vera kurs med tema som går på misjonsarbeid i andre kulturar for det er mange ulike kulturar innad i Tanzania. Korleis leve i ein framand kultur, eller misjonsarbeid i muslimsk område.
Før ekteparet Salmelid set kursen tilbake til Tanzania skal dei ha 2 veker i Danmark og besøke menigheter og forsamlingar i Dansk luthersk mission for å informere om arbeidet og halda kontakten med misjonsfolket som har sendt dei ut til tenesta. Margunn og Geir Tore understrekar også at dei syns det er fint å halda kontakten med INN-kyrkja på Lye.
Kva tankar og ynskje har de for det komande året?
-Det vil vera viktig å få nok deltakarar til kura slik at vi ikkje må avlyse og at dei som kjem blir fornøgde med opphalda og undervisninga. Mange har lyst, men økonomi kan vera ei utfordring for dei lokale menighetene til å senda medarbeidarar på kurs.
-Nå er det også slik at senteret skal leggast under den nasjonale kyrkja for heile landet. Eit styre skal dannast og senteret skal formelt registrerast under kyrkja. Kva vil det bety for arbeidet?,- Nedslagsfeltet vil bli større, men også lengre avstandar for deltakarar å reisa.
-Vi ber om å få vera til velsigning for folket vi får arbeida saman med. Og håper vi kan få vera ein katalysator for å styrkje misjonsarbeidet i kyrkja og oppmuntra den til å nå ut til nye områder, avsluttar Margunn og Geir Tore.