Vitne og lys i kvardagen

INN-kyrkja sin utsending, «Mona», som har vore i Nord-Afrika nokre år er nå tilbake i Norge. Her fortel ho litt om korleis tida som utsending har vore.

Av Terje Slettebø

Kva hovudinntrykk set du igjen med etter tida i Nord-Afrika?
- Hovudinntrykket eg set igjen med er nok at det ennå trengs folk som er villige til å leve som vitne og lys i kvardagen i et muslimsk land! Og at eg ikkje er heilt ferdig der, sjølv om eg nå er i Norge! (Forhåpentlegvis får eg bli ennå meir utrusta både fagleg/karrieremessig, men òg på korleis ein kan fortelja det gode bodskap videre i opphaldet mitt i Norge). Og så innser eg meir og meir at det viktigaste me kristne kan gjere er å vere med å be om at Gud skal vise seg for folk, gjerne med hjelp av oss

Kva har gleda deg mest?
- Det som har gleda meg mest trur eg må være at eg har fått reise rundt i landet og at eg har fått sett så mykje flott og fått snakka med folk som blir begeistra over at eg har lært meg hjertespråket deira. Det er ikkje så mange som tek seg bryet med å lære arabisk. Og så har det vore veldig spesielt å få være medvandrar for ei ung kristen dame som ikkje har nokon andre kristne venner.

Korleis blir kvardagen din framover nå?
- Kvardagen framover nå blir jo litt annleis enn før. Eg kjem til å fortsette i ei 40% stilling i reisebyrået kor eg kjem til å gjere mykje av det administrative arbeidet og ha ansvaret for økonomien, berre at nå blir det ifrå Oslo. I tillegg kjem eg til å ta litt meir studiar nå etter jul, litt meir økonomi-retta.

Noko meir du har lyst til å sei til forsamlinga på Lye?
 - Det er absolutt ikkje for seint å ta seg ein tur til Nord-Afrika! Vil veldig varmt anbefale det. Om det er som ein forsamling, eller familie eller som venner - så er det masse å sjå, gjere og lære her ☺️og alt ifrå strand, by, fjell og ørken!

Powered by Cornerstone