Enkel vegleiing til sjelesørger og den som ynskjer samtale i INN-kyrkja

Sjelesorg:

Det handlar om å gå saman med den som ynskjer ein medvandrar.
«Sjølv ikkje den beste sjelesørger kan fjerne alle problemene frå andres liv. Men en god sjelesørger kan kanskje hjelpe og oppmuntre andre til å bære sine byrder og leve med
problemene på en betre måte.» (Gunnar Elstad)
«Sjelesorg er å gi hjelp til å komme i et godt og rett forhold til Gud, medmennesker, seg selv og skaperverket.»

Vegleiing

Samtale og sjelesorg i regi av INN-kyrkja skal vera på «grupperommet» i 2. etasje på Forsamlingshuset.

Samtalane skal vera mellom personar av same kjønn, eller mellom to par.

Sjelesorg og samtale bør vanlegvis ikkje vara meir enn ein time. Avtal heller nytt tidspunkt og konkrete grenser for kontakt på telefon.

Taushetsplikt er viktig.

Kjenner ein på som sjelesørger at ein treng hjelp av andre, spør om lov til å drøfte konkrete problemstillingar anonymt med nokon du har tillit til.

Det bør vera liten terskel for å vise den som kjem til samtale vidare til andre med større kompetanse innan sjelesorg eller be dei ta kontakt med kvalifisert helsepersonell. 

Som sjelesørger skal du aldri dele din livshistorie eller dine problem med den som ynskjer samtale og hjelp.

Vær ærleg, dukkar det opp ein utfordrande situasjon under forbønn eller samtale er det lov å seia i frå om dette. Ikkje lat som ein har kontroll når ein ikkje har det.

Forbønn og samtale er ikkje plassen for å irettesetja. Under forbønn og samtale skal man først og fremst vera lyttande og møta vedkomande med respekt og forståing. Og i samtalen hjelpa
vedkomande til å reflektera rundt sin situasjon.

Det kan og vera naturleg å peike på skriftemålet.

Samtale:

  • Innleiing
  • Oppsummering av tidlegare samtaler
  • Be for samtalen (spør om det er greit)
  • Still opne spørsmål
  • Still oppklaringsspørsmål
  • Oppsummer det ein har høyrt
  • Ikkje noter det som vert sagt i samtalen, kan vera aktuelt i einskilde tilfelle, og då må ein spør om lov til dette.

Forbønn:

  • Spør gjerne om du har forstått rett kva vedkomande ynskjer forbønn for
  • Be konkret om det du blir best om å be for, og bruk gjerne namnet til den du ber for.
  • Før du ber kan du spørja om den andre vil at du skal leggja handa på skuldra eller ikkje.
  • Be på Guds løfter, men ikkje lov meir enn det Gud sjølv lova i sitt ord.

Vanlege tema i samtale og medvandring:

  • Korleis ta imot Jesus og bli ein kristen og samtale om livet i eit nært personleg forhold til Jesus.
  • Samtale om tru, tvil , tilgjeving og frelsesvissa.
  • Reflektere rundt utfordringar med konkrete synder.
  • Samtale rundt eit liv med sjukdom og ynskje om å bli frisk.
  • Forbønn og helbredelse.
  • Sunt bibelsk sjølvbilete.
  • Utfordingar i relasjonar til foreldre, ektefelle, barn, familie, kollega, og venner.
  • Å vera medvandrar gjennom kriser.
  • Reflektere rundt Guds leiing og vilje med livet.
Powered by Cornerstone