Julen 2024

Immanuel-Gud med oss

Av Terje Slettebø
Eit av namna Bibelen brukar på Jesusbarnet er Immanuel -  som betyr, Gud med oss.
Jesus vart født til vår jord som sann Gud og sant menneske. Dette for å kunne hjelpa oss menneske og redda oss ut av vår situasjon. Jesus kom for å frelsa oss frå alt som skjel oss frå Gud. Og han kom for å gje oss evig liv.

« For så elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Joh 3 16.

Bruk juletid til å stoppe opp for bodskapen i juleevangeliet. Ta imot denne store gåva som Jesus kjem med. Frelse og evig liv. Det er den største Julegåva vi kan få! Den er for alle som vil ta imot!

Jesus vart født i dei enklaste forhold i ein stall. Ei påminning om at Jesus kom for alle, uavhengig av sosial rang, karriere, status og makt! Jesus retta ut ei hand til alle som har bruk for han! God Jul!

 

Powered by Cornerstone