Gudsteneste 09. mars

Misjon er ikkje vårt prosjekt, men det er Gud sitt som sender oss.

Av Terje Slettebø

Dette sa Ole Andreas Austbø i talen der han peika på Bibelversa i Matt 4.26-27: «Og han sa: Med Guds rike er det såleis som når ein mann kaster såkornet i jorda. Han søv og står opp, natt og dag, og kornet spirer  og veks seg høgt – korleis det går til veit han ikkje.»

Vi skal med frimod så og vatna, Gud vil gje vekst. Såkornet , Guds ord, spirer av seg sjølv, det er eit Guds under. Ole Andreas fortalte om erfaringar han sjølv hadde opplevd der ein lang periode med så-arbeid og ikkje mist forbøn gav resultat i frelse og nytt liv for ein person. Så han oppfordra forsamlinga til ikkje gje opp om det tok tid før ein fekk sjå resultata.

Ei viktig påminning i talen var også at det viktigaste i vår teneste for å vinna fleire for Jesus er å fortelja og vise andre kva Jesus har gjort for meg og betyr for meg i min kvardag. Å vise i praksis kva relasjonen til Jesus betyr har mykje større smitteeffekt enn å ha dei rette meiningar om mange viktige ting, avslutta Austbø.

Powered by Cornerstone