Matt 11.28 «Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile!
Andakt av Terje Slettebø
Det er ein flott invitasjon Jesus møter oss menneske med her. Vi skal få leggja over på Jesus, alt vondt og vanskeleg som vi ber på.
Så ser vi litt før denne invitasjonen i vers 25 at Jesus seier at dette er ikkje for vise og forstandige, men for umyndige. Å vera umyndig i denne samanheng er at ein har eit ope hjarta som eit barn.
Jesus krev ingen kvalifikasjon i visdom eller forstand, men i enkel tillit skal vi alle få koma til han. Så vil Jesus gå med oss og gje oss nåde og tilgjeving for alt vi har mislykkast med overfor Gud. Og Jesus vil vandra saman med oss i gode og vanskelege dagar og bera både oss og våre byrder.
Vi får kvila hjå Jesus i eit ferdig frelseverk, vi år kvila hjå Jesus med våre daglege byrder.
Kom til Jesus og kvil, du også.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss, om har du spørsmål eller kommentarar til andaktene her på INN-kyrkja si nettside! Mail:terje@innkyrkja.no