De er saltet på jorda! (Matt 5.13)
Saltet er i sin natur annleis, og har sin kraft i det å vera på ein annan måte. Spørsmålet er om vi kristne er blitt for likegyldige.
Av Terje Slettebø
Jarle Haugland hadde dette verset i Matt 5.13, om å vera salt som duger eller mister si kraft, som utgangspunkt for talen, og stilte vidare spørsmålet. Kvifor har vi hatt avkristning. Hans svar var at saltet har mista si kraft.
Vi er verdens lys og salt. Vi kan ikkje anklage mørke for mangel på lys.
Saltet setter smak og hindrar at ting rotnar. Mineralsalter forbetrar jordsmonnet Luk 14. 34 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kva skal det då saltast med?
Vårt nærvær som kristne saman med andre menneske pregar «jordsmonnet» hjå dei, og forbereder dei på å ta imot Jesus.
Vår måte å vera annleis på som kristne understreka Jarle, er at Heimlandet vårt er himmelen. Guds rike sine verdiar blir levd ut gjennom oss, vi tar våre val ut frå at det viktigaste er å samle skattar i himmelen. Vår identitet og rolle som salt er at vi er i Kristus. Fred, tryggleik, audmjuke, andens frukt, styrke i svakheit og fattig i ånda skal prege den kristne.