Bibelen er rettesnora for oss for å målet som vi har som kristne og himmelvandrarar, innleia Irene Håland Ege talen på Gudstenesta med. Og viste til Joh. 14.6. « Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg.»
Av Terje Slettebø
Vidare minna ho om at vi nå er inne i Treeinigheitstida. Orda i 5. Mos. 6. 5-6 om å elska Herren din Gud av heile hjarta og gøyma det i hjarta vart trekt fram.
At vi er ei utvald ætt, til å forkynna hans storverk, han som kalla oss frå mørke til sitt underfulle lys. (1. Pet 2.9) Irene minna om at det største mørke for eit menneske er å leva utan Gud, og at Jesus er verden lys.
I Misjonsbefalinga i Matt 28.18.-20. befalte Jesus disiplane om å spreie bodskapen om han over heile verda. Vi er forskjellige med ulike gåver, men alle har eit kall til å vera med å spreie evangeliet. Jesus er eit føredøme for oss korleis vi skal møte menneske, han var tenaren som vaska føtene til læresveinane. Og han minner oss klart på at vi skal elska kvarandre.
Gud vil at alle skal bli frelst. Han lar seg finna når me menneske leiter etter han.
Guds ord er levande. Han vil gje oss sin fred. Han vil hjelpa oss å leva som himmelvandrar og også nå ut til fleire med bodskapen, avslutta Irene Håland Ege.