Påsken gjev håp

Bodskapen frå påsken der Jesus døyr på krossen og står opp igjen påskemorgon talar sterkt om håp for oss menneske.

Andakt av Terje Slettebø

Jesus stod opp igjen, seira over døden. Han lever! Jesus kan og vil vera deg nær alle dagar, i alle situasjonar. Jesus er ein levande frelsar som du og eg kan ha ein levande og open relasjon til i vår kvardag. Han lever og vil vera med kvar dag. Ein levande frelsar i kvardagen gjev tryggheit og håp.

Jesus lever! I kol 1.17 står det at alt består ved han. Jesus er sterkare enn døden. Det gjev truverd til Bibelen sitt ord om at det er han som står bak og sørger for alt liv i naturen, og han held verda oppe og har kontroll over naturkreftene. Jorda, sol, måne er i Guds hender. Det er den levande, Jesus, som har kontrollen.

At Jesus stod opp igjen frå dei døde viser oss at Gud godkjente Jesus død som betaling for våre synder. At Jesus stod opp påskemorgon vitnar til oss om ein åpen veg til himmelen. Eit evig liv , og ei oppstod slik som Jesus stod opp. Alt det av feil , manglar, både mellom oss menneske  og oss og Gud vart sona på krossen. Gud er ein forsona Gud. Spørsmålet er om vi vil gå vegen om Krossen og Jesus og bli forsona med Gud.
1. Kor. 15.14.-20.

Vegen er open, det er vårt håp!

Powered by Cornerstone