Rettferdig ved tru.
Kva betyr det å vera rettferdig? Det må bety å bli gjort ferdig til «Retten». Vi skal møta Gud og gjera rekneskap for våre liv Rom 14.12.
Av Terje Slettebø
Det var utgangspunktet for talen til Arne Kristian Helgøy. Ingen er i himmelen fordi dei var flinke, sa han vidare, og peika på at Abraham er trua sin far for alle kristne. 1. Mos 15.6 «Og Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd» Abraham fekk oppleva at Gud inngjekk ei pakt med han der Gud tok alt ansvaret i pakta/avtalen på seg, og Abraham skulle berre stola på Gud.
Bodskapen til oss er at vi skal få tru på det Jesus har gjort, for det er ikkje stoff i oss til å halda lova (det Gud krev av oss). Arne Kristian bruka bilde om at vi er invitert til å bytta filmen med vårt liv som inneheld mykje feil og manglar med filmen over Jesus liv som var heilt feilfritt! Joh 1.12 «Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» Då eige vi alt som er Jesus sitt, hans liv og hans løfter er våre, avslutta han.