Gudsteneste 23.02.25

Kampen mot våre "kjemper"

Av Terje Slettebø

Med utgangspunkt i forteljinga om David og Goliat aktualiserte, dagens talar Tore Nesvåg, denne kjente bibelske historia i 1. Samuelsbok 17 1-58,  inn i våre liv og dei «kjemper» og utfordringar vi strevar med. Her understreka Tore at David måtte få kjempa sin kamp mot Goliat på sin måte. Saul sin rustning passa ikkje for David. David gjekk inn i kampen i Herrens namn, og stolte på dei erfaringane han hadde tidlegare der Gud han hjelpt han i møte med både bjørn og løve.
Tore Nesvåg sin utfordring til forsamlinga var at vi måtte henta fram dei erfaringar vi har frå tidlegare der Gud har vore med og hjelpt oss og stola på at han er med igjen i møte med våre «kjemper». Jesus er i går og i dag den same, og då er det umoglege mogleg, avslutta han.

Powered by Cornerstone