Himmelvandrar, det kan vera godt å få eit glimt av målet medan ein er på veg.
Av Terje Slettebø
Dette var utgangspunktet for Svein Kåre Harestad sin tale på Gudstenesta denne søndagen. Han tok utgangspunkt i teksten i Joh 2. 1-11, bryllaupet i Kana.
Maria legg problemet med at dei har gått tomt for vin over på Jesus. Jesus svarer at hans time er enda ikkje komen. Gud har ein timeplan og Bibelen seier oss at det som skjer er etter Guds timeplan. Gud sendte Jesus til jord som vår frelsar når han hadde bestemt at det skulle skje.
Vidare understreka Svein Kåre at Jesus gav dei den vinen dei trong til bryllaupet. Dette viser oss at Jesus høyrer bønn. Jesus brur seg om oss i både kvardagar og festdagar. Og han kan gjera under.
Dette underet at Jesus gjorde vatn til vin var eit teikn. Ein kristen har det beste i vente.
Det venter ein fullkommen verden vi skal få tre inn i der vi også er vaske reine for synd.
Som kristne er vi himmelvandrarar. Og når Gud griper inn med under her i verden får vi eit glimt av himmelen, avslutta Harestad