Gud endrar ein kvar situasjon med sitt nærvær.
Vi har ein himmelsk far som ser oss og har omsorg for oss.
Av Terje Slettebø
Dette understreka Aud Karin Kjølvik i sin tale. Tema var «Håpets Gud»
Ho tok fram orda i Jes 9.1 «Men det skal ikkje alltid vera mørker i det landet der det no er trengsle» og Jer. 29.11 «For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von».
I talen vart det vidare trekt fram at Håpets Gud husker sine løfter og held sine løfter. Gud ser, Gud griper inn, slik han har lova for den enkelte og for sitt folk. Håpets Gud er han som har sona våre synder. Rahab som vi les om om Josva 2 skulle binda eit skarlaksraud snor i vindauget så skulle ho og hennar familie vera trygg. Det minner oss om Jesus blod som gjev oss tryggheit.
Til avslutning vart forsamlinga minna om at når vi nå går inn i adventstida er bodskapen til oss:
Gud er den som kjem! Gud ser! Gud Kan! Gud held ord!