Vi som kristne i Norge i dag har mykje å læra av den forfølgde kyrkja.
Dette var Håvard Østhus sitt utgangspunkt i talen på Gudstenesta.
Av Terje Slettebø!
Søndagens tekst var frå Matt 5 1-13, og han trekte spesielt fram vers 10: «Sæle er dei som vert forfylgde for rettferd skuld, for himmelriket er deira.»Østhus peika på tre ting vi kan læra av den forfylgde kyrkja.
Det første var å vera fryktlaus. Ikkje alltid det som verkar mest farleg som er det. Vi er ikkje av denne verden, men har eit håp utover livet her. Vi skal frykta Gud og er kalla til å vera lys i mørke.
Det andre var å ha Guds ord i hjarta. Å læra vers frå Bibelen og kristne songar utannåt.
Myndigheiter kan ikkje ta frå oss det vi har i hjarta.
Det tredje vi kan læra er tilgjeving. Dersom vi ikkje tilgjev urett vi opplever blir vi ikkje sett fri sjølve. Det handlar om å overlate det vonde ein opplever til Gud og la han få ta seg av det, elles vil ein bli bitter.
Oppfordringa til slutt i talen til Håvard var klar: Vi må setja oss inn i situasjonen til dei som blir forfylgt for si tru, og be for dei .