Vår visjon og våre verdier

INN-kyrkjas visjon og verdier

 

Motto: Vidare med Jesus. - Han som er vegen, sanninga og livet.

 

INN i Ordet
Vi har Bibelen som grunnlag for alt vårt arbeid. Gjennom vår verksemd ynskjer vi å formidle tillit til heile Bibelen som Guds ord. Og vi vil oppmuntre til at Bibelen blir brukt både i forsamlinga og til personleg studium aleine eller fleire i lag. Vi ynskjer at menneske skal veksa i trua på Jesus Kristus og ha Bibelen som ein trygg grunn for sitt åndelege liv. INN-kyrkja ynskjer å vera eit fellesskap som formidlar bibelglede og bibeltillit.

INN i Disippelgjering
Vi vil vandra saman med Jesus i forsamlinga, og gjennom utfordringane i kvardagslivet. Fylg meg, så vil eg gjera dykk til menneskefiskarar, Matt 4.19. I vårt fellesskap ynskjer vi å skape trygge rammer der tru og kristenliv kan modnast fram. I INN-kyrkja ynskjer vi i at unge, voksne og eldre kan få hjelp til å følgja etter Jesus og bli prega av han. At ein kan bli utrusta med nådegåver og tena med dei i fellesskapet.

INN i fellesskap
Som kristne er det viktig å tilhøyra eit fellesskap. Vi ynskjer eit storfellesskap på søndag føremiddag, samtidig vil vi leggja til rette for mindre fellesskap som huskyrkjer, Bibelgrupper, bønnegrupper og liknande på andre tidspunkt. Vi er alle frelst av nåde og står alle like innfor Gud. Gjennom vårt arbeid ynskjer vi difor å vera rause og inkluderande overfor alle menneske. I INN-kyrkja skal det vera rom både for dei som er søkjande og spørjande til kristen tru, og vi ynskjer å ha ei utstrekt hand til dei som strevar med livet på ulike måtar.

UT i teneste
Gjennom vårt arbeid ynskjer vi å dele vår tru på Jesus med flest mogleg andre. Dette trur vi fungerer best gjennom relasjonar og vennskap i kvardagen. Våre samlingar er difor viktige møtepunkt der vi kan få inspirasjon og hjelp til å leva som kristne i kvardagen. Vi kjenner på eit ansvar for å nå våre naboar på Lye med evangeliet, men ynskjer også ha fokus på heile vårt land og ytremisjon.

Powered by Cornerstone