Det er Herrens velsigning som gjer rik eige strev legg ingenting til. Ordtøke 10.22 Det å velsigna er å seia noko godt. Og det betyr noko kven dei gode orda kjem frå.
Av Terje Slettebø
Dette var utgangspunktet for talen til Svein Kåre Harestad på Gudstenesta.
I Bibelen møter vi at det er Gud som kjem med dei gode orda til oss. Gud som har makt til å setja dei gode orda til oss ut i livet.
Her tok Svein Kåre spesielt fram velsigninga i 4. Mos 6. 24-26:
Herren velsigne deg og vare deg!
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.
Første ledd som peiker på Gud vår skapar som held alt oppe med si hand og gjeld materiell velsigning.
Andre ledd minner om Guds nåde, Jesus som frelsar, vi er frelst av nåde, eige strev legg ingenting til.
Og tredje ledd har fokus på anden som trøyster i liv og død.