Av Terje Slettebø
Desse ransakande spørsmåla stilte Sverre Hovda i talen på Gudstenesta til INN-kyrkja første søndag i advent. Han tok utganfspunkt i søndagen tekst frå Matt 21. 10-17 om då Jesus reinsa tempelet. Jesus sin oppførsel her var overraskande og veldig der han vart opprørt og velta bord. Hovda understreka at Jesus gjorde dette fordi noko som var heilagt, staden som skulle vera eit bønehus og ein skulle tilbe Gud, var omgjort til ei røvarhole.
Dette aktuelliserte han inn i vår situasjon ved at vi som trur på Jesus er eit tempel for den Heilage Ande. Er det då noko vi må kvitta oss med i våre liv? Eller er det noko som har for stor plass hjå oss? "Alt som vi elsker og stole meir på enn Gud, er ein avgud" har Luther sagt, Og Sverre Hovda siterte også setninga" Får ikkje Jesus skilt deg frå synda, så vil synda skilla deg frå Gud!
I talen vart det også tatt fram at barna i tempelet ropa "Hosianna, David son!" Som voksne kan vi læra av barna som naturleg og liketil deler sitt vitnemål om Jesus og si tilbeding av han..