Gudsteneste 23. mars

Og Herren opna hjarta hennar. Ap. gj. 16.11-15

Av Terje Slettebø

Dette var overskrifta for Anne Solfrid Brennhovd sin tale på Gudstenesta til INN-kyrkja denne søndagen.

Paulus hadde tenkt å reisa ein annan veg, men vegane vart stengde.
Men vegen til Europa vart opna, og Paulus kom til Filippi i Makedonia, der Gud hadde forberedt ein opning for evangeliet.

Paulus og hans fylgje gjekk utanfor byporten, der var ingen Synagoge, og tala til kvinnene som var samla. Møtte blant anna Lydia, ei rik kvinne som handla med purpur, som dyrka Gud etter jødetrua. Dei forkynte også for ei fattig kvinne og ein fangevaktar. Dette understrekar  at evangeliet er for alle!

Herren opna hjarta til Lydia. Ho var djupt religiøst, men Paulus forkynte evangeliet for henne og det bruka Herren til å opna hjarta hennar. Her er mange som går rundt og lengtar etter fridomen i evangeliet. Vi skal få vitne om kva vi har fått tatt imot av Jesus, så er det Gud som kan opnar hjarta til våre medmenneske.

På Gudstenesta deltok også Magnhild og Morten Sørlie direkte frå Elfenbenskysten. Veldig fint for forsamlinga å få denne kontakten og høyre om gleder og utfordringar for to av våre utsendingar.

Powered by Cornerstone