Gudsteneste 06. september

De har høyrt det er sagt , men eg seier dykk. Med dette utgangspunktet frå Jesus sin undervisning i Bergpreika (Matt 5, 38-48) stilte Svein Kåre Harestad spørsmålet i talen på Gudstenesta: Kven lyttar vi til?

Av Terje Slettebø

Det kan vera behageleg å lytta til det som er politisk korrekt å sleppa å stå opp for eigne standpunkt. Ting vi har lært i barndommen kan høyrest fornuftig og sant ut, men stemmer det med Guds ord?

Svein Kåre understreka at det vi har lært i bibelen kan vi stola på. Utfordringa for oss er å ikkje la fornuft styra slik at vi trekkje frå eller legg til det Bibelen seier. Guds tankar er høgare enn våre tankar. Vår forstand evner ikkje å måle seg med Gud.

Det er lett å ta inn fortenesteprinsippet også i truslivet. Gud elskar oss også etter fall og nederlag. Menneske er syndarar, Jesus frelser på tross av synda, ikkje på grunn av kva vi får til. Bergpreika understrekar at når vi høyrer Guds ord og innrettar oss etter det, då «står huset», då er vi trygge , avslutta Harestad.

Powered by Cornerstone