Himmelvandrar, frå død til liv ved nåden.
Av Terje Slettebø
Vår identitet som kristne er ikkje av noko i verda, men at vi er valde av Kristus til å vera Guds barn ved trua på Jesus. Som kristen har vi fått friheit i Jesus til å kunna velja bort synda.
Vidare understreka Kristoffer Heng, som var talar på Gudstenesta, at vi er skapt i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud føreåt har lagt ferdige så vi skulle ferdast i dei. Og at ein er dyrt kjøpt og difor skal bruka lekamen til ære for Gud. Utfordringa til oss er å vandre verdig det kall vi har fått.
Tryggleiken som himmelvandrar og kristen skal vi få ha ved at Jesus er vår fred mellom oss og Gud. Fiendskapen som skilde ein frå Gud er tatt bort ved Jesu død på krossen.
Forsamlinga vart også minna om framtida vi har. Det vart understreka frå 1 Pet. 1.3 at vi har ei Levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde. Og frå Jer. 29.11: For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulykke. Eg vil gje dykk framtid og von.
Heng avslutta med kva som er håpet for oss under vandringa.
Vi kan ta på oss Guds fulle rustning. At Guds nåde er nok for oss for guds kraft vert fullenda i veikskap og at Den Heilage Ande går i forbøn for oss.