Gudsteneste 25. august.

Eit heilagt folk og eit kongeleg presteskap.

Av Terje Slettebø

Kven seier Bibelen at vi er, vi som trur på Jesus?
Svein Kåre Harestad svara på dette spørsmålet, i talen på Gudstenesta til INN-kyrkja, ut frå 1. Pet 2. 9-10.

Vi er ei utvald ætt, utvald av Jesus. Det var Gud som valgte oss. Slik som Gud valte Israelsfolket (1. Mos. 17) fordi han elska dei og skapte eit folk gjennom Abraham og Sara som var for gamle til å grunnlegge ei ætt, har Gud utvalt oss som trur på Jesus til eit folk som høyrer saman med kristne i alle land, minna Harestad forsamlinga på.

Vidare peika han på at når Bibelen omtaler kristne som eit kongeleg presteskap viser det tilbake det å vera prest i GT. Det var berre prestane som kunne gå inn i tempelet for å møta Gud. I Jesus kan vi alle gå inn i heilagdomen, kalla Gud vår far og be direkte til han.

Som kristne blir vi også om talt som eit folk til eigedom. Gud har utvald oss til sin eigedom. -Du har ein eigar, ein som tek ansvaret for deg, og du høyre til i hans hus, var bodskapen til forsamlinga.

Den som trur på Jesus er del av eit heilagt folk som er utvald for å tena og høyra Jesus til.
Men medan vi lever i denne verden blir vi dradd både mot verden og mot Gud og må stå i denne kampen, en at vi er eit heilagt folk skal gje retning for livet, avslutta Svein Kåre.

Powered by Cornerstone