Gudsteneste 4. okt.

Som kristne skal vi gjera opp med kvarandre og tilgje kvarandre for å ha eit rett hjarta når vi søkjer Gud.

Av Terje Slettebø

Dette var ei viktig påminning til forsamlinga når Eirik Pettersen tala ut frå søndagens tekst i Matt 5. 20-26.

Vidare minna han om at lista for å få del i frelse ligg langt over det farisearane og dei skriftlærde kunne bidra med. Gud ser til det innerste av våre ord og tankar og ikkje ein fin ytre religiøs fasade.

Gud har fått det fullkomne offer av Jesus og det offer Gud nå tek imot av oss menneske er eit sundbrote og knust hjarta, Salme 51.19. Det knuste hjarta vitnar om at Gud står bak.

Og eit knust hjarta er audmykt i møte med Gud, det er glad for å møte Jesus og takknemleg for Jesus. Vidare vil det knuste hjarta vedkjenne si synd, søke forsoning og ordne opp. Jesus ønsker knuste hjarta, avslutta Eirik Pettersen.

Powered by Cornerstone