Adventstanker 2024

Inn i advent med forventning!

Av Terje Slettebø

Adventstida er ei tid med forventning fram mot Jul. Ei tid der vi skal få sjå fram mot å feira at Jesus kom til jord som vår frelsar!

Kva kan du og eg ha forventning til?

Hyrdingane som var på Betlehemsmarka og heldt vakt over sauene sine og fekk høyra bodskapen frå engelen. «Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket.» Luk 2. 10. Vidare i vers 11 får vi høyra kva gleda er: «I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren»

Ei glede for alt folket! Gleda som engelen forkynte er for alle! Den er for deg og meg, same kven vi er, kor vi er, og kva historie vi har fått med oss gjennom livet! (Joh. 1.12) Frelsaren Jesus kom for å vera oss nær og gå ved vår side.(Jes.41.10) Han gjer det mogleg for oss å koma inn i eit rett forhold til Gud ved sin nåde og tilgjeving for alt vi ikkje strekk til med overfor Gud.(Rom 5.6) Og gje oss håp om eig liv og ei framtids saman med Han i himmelen.(Joh 11.25)

Johannes som var sendt i førevegen for Jesus seier; «Rydd veg for Herren» Kanskje gleda som engelen forkynte om 1. julenatt er blitt litt dunkel og uklar for oss. Då kan vi i adventstida i år rydda veg for Herren på nytt og adventstida blir ei tid med forventning til bodskapen, «I dag er det født dykk ein frelsar». For husk, den er for alle!

Powered by Cornerstone