Gudsteneste 3. søndag i advent


Søndag for glede

Sofie Braut tok utgangspunkt i at 3 søndag i advent er søndag for glede då ho tala på Gudstenesta til INN-kyrkja. Ho spurte korleis det står til med gleda hjå oss og minna om Fil 4.4: «Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!», og minna om at Paulus hadde det vanskeleg då han skriv Filipperbrevet. Vi kan alltid gleda oss over å vera skapt av Gud og at Jesus har gitt livet sitt for oss.
Vidare understreka Sofie at  Gud elskar glede og er like nær i glede som i alvor. Bibelen oppfordra til å la gleda i Herren vera vår styrke. Ho avslutta med å peika på juleevangeliet som er ei glede for alt folket.

Powered by Cornerstone