Aktuell forkynning, godt fellesskap, gode samtaler og velsmakande mat. Det er ei kort oppsummering av INN-kyrkja sin forsamlingsweekend på Utsyn 19.-20. september der 32 deltakar i alle aldra var med.
Av Terje Slettebø
Marit Andersen var med som talar. Lørdag hadde ho Bibeltime med tema: Sunn Forsamling. Ho var innom både sunn lære, sunn organisering , sunt lederskap og sunt menneskesyn.
Lørdag ettermiddag var det tradisjonen tro sporleik. Innsats, vinnarvilje og kreativitet prega gruppene. Kveldssamlinga laurdag inneheldt både leikar, lovsang, andakt og delekveld og vart avslutta med kaffi og kaker. I andakten peika Marit på Guds nåde mot oss menneske. Ho trekte fram verset i 2. Kor 8.9 « For de kjenner vår Herre Jesus Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de skulle vera rike ved fattigdomen hans.»
Søndagen vart avslutta med Gudsteneste og middag før heimreise.
Tema for talen på Gudstenesta var «Frå død til liv». Teksten var om Jesus som vekte opp Lasarus frå dei døde i Joh. 11. Det vart understreka sterkt at der Jesus får koma inn har ein håp i døden
Mange gav uttrykk for at eit døgn der vi er saman i ulike aktivitetar, måltid og samlingar, styrkar relasjonane mellom oss og fellesskapet i forsamlinga.
Her kan du lesa referat av heile Bibeltimen til Marit Andersen
https://innkyrkja.no/aktuelt/forsamlingsweekend/forsamlingsweekend-2026/aktuell-forkynning