Aktuell forkynning på forsamlingsweekenden

Marit Andersen, forkynner i NLM, var med som talar på INN-kyrkja sin weekend på Utsyn arena 19.-20. september. Vi deler her hovudpunkta i Bibeltimen lørdagen som hadde tema: Sunn Forsamling.

Av Terje Slettebø

 

Bilde

Marit Andersen

Innleiing
Marit innleia timen med å visa til at Bibelen brukar omgrepet sunn.
1. Tim 1.10     ….som strir imot den sunne lære
1.Tim 6.3     ….Jesu Kristi sunne ord…..
2. Tim 1.3     ….dei sunne orda…..
2. Tim 4.3     ….den sunne læra….
Tit 1.13    ….ei sunn tru….
Tit 2.1   ….den sunne læra….
Tit 2.2 ….sunne i trua…..
Og ho peika på at sunnheit minner oss om noko som er friskt, og at det også kan vera usunn åndelegheit.

Kva er kjenneteikna på ei forsamling?
Her tok ho utgangspunkt i Ap.gj. 2.38 «Peter sa til dei: Vend om, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene, så skal de få Den Heilage Ande i gåve».
-Ei forsamling er ein stad der nokon blir omvendt til Gud. Dåpen og tru høyrer saman, og  dåpen, tru og syndenes tilgjeving konstituerer forsamlinga, understreka Marit, og la vidare vekt på at Bibelen talar om at vi som kristne høyrer saman skal ikkje vera kristne aleine. Forsamlinga er eit fellesskap av dei heilage, Guds folk som har samfunn med kvarandre.

Sunn Lære Ap. gj. 2. 41-47
Å vera ein kristen er å ha relasjon med Jesus. Men ei forsamling må også ha eit læregrunnlag som seier noko om korleis ein blir frelst. Sentrum i den kristne lære er Jesus. Sunn lære er når ulike tema som blir tatt opp har samanheng med sentrum. Usunn lære er når ulike tema i forkynninga ikkje blir sett i rett samanheng med Jesus.
Det er viktig at heile Guds råd blir forkynt, ikkje berre sentrum.

Sunn organisering
Vidare i Bibeltimen kom Marit inn på at sunn organisering også er viktig for ei forsamling.
Her er eit relasjonsnett mellom kristne brødre og søstrer i Guds forsamling.
Nådegåvebasert teneste blir understreka i 1 Kor 1.12. I Ap.g. 6 valte dei diakonar og i Ap.gj 13 sendte forsamlinga ut misjonærar.

Sunt lederskap
Her vart det teke utgangspunkt i to omgrep. Sakrametalisme der ein legg til grunn at sakramenta virker utan tru. Svermeri, der ein ikkje har ordningar og lausriv seg frå Ordet og gjerne handlar på beskjed frå Gud.

I sunt leiarskap er årsmøte viktig. Dei som skal sitje i styre og bestemme over arbeidet i forsamlinga blir valt av medlemmene i forsamlinga. Og det er styret som tilset pastor der ein ynsker å ha det. Det er viktig at både styre og tilsette er seg bevist at dei er i maktposisjonar.
Maktpersonar i negativ forstand bryr seg ikkje om vedtak og vil lett åndeleggjera saker

Sunne menneske
I det siste punktet i Bibeltimen kom Marit Andersen at det er viktig i ei forsamling å ha eit sunt menneskesyn. At ein har respekt for alle menneske. Behandlar alle respektfullt same kva situasjon ein er vi.

Vi menneske er både ånd, kropp og sjel. Viktig med psykologisk trygt miljø. Det må vera openheit og lov til å spørja om ting.

Som avslutning fekk vi ein klar oppfordring: Finn din forsamling og vær lojal mot den, eller sagt med Marit sine  ord.  -Date og finn den rette forsamling og gift deg med den.

Powered by Cornerstone