Dette var hovudtema for Bibelhelg i INN-kyrkja 19.-20 oktober.
Kommentator avisa Dagen, Espen Ottosen var med som talar.
Av Terje Slettebø
I Bibeltimane på lørdag tok han utgangspunkt i tekstavsnitta 2. Tim 1. 8-14 og 2. Tim 2. 1-13.

Espen Ottosen på Lye forsamlingshus
Å lida for evangeliet
Ottosen trekte mellom anna fram oppfordringa i brevet om å bera lidinga for evangeliet, ikkje skamma seg, men prisa Gud for å vera funnen verdig. Og at liding for evangeliet i Norge i dag kan opplevast veldig ulikt, og nokon opplever det ikkje; Før kunne ein bli sett på som dum, nå blir ein sett på som ond når ein har eit konservativt syn, sa Espen.
Relasjon til Jesus
Vidare i Brevet oppfordrar Paulus til ikkje å skamma seg over evangeliet! For eg veit kven eg trur på. Og her er det ein hemmelegheit: -Han vi trur på er noko spesielt, Han sørger for å bevara deg i det som han har gitt deg. Kristendom er ikkje livssyn, verdiar eller kulturarv, men personen Jesus. Her er det eit skilje mellom klassisk kristendom og ullen religiøsitet. Kristendom som frelsar er relasjon til personen Jesus, påpeika Espen Ottosen.
Øvstkomanderande
Når Gud frelser oss får vi ein ny øvstkommanderande i våre liv. Kapittel 2 i 2. Tim lærer oss at disiplin og innsats er nødvendige i våre liv. Her blir det trekt fram bonden som må arbeida for å dyrka fram fruktene, og den som driv idrett må fylgje reglene og trena jamt og trutt, sa Ottosen og la til; Det er Bibelsk å snakka om kristne vaner og å prioritera Gud og hans rike. Det kan bety å måtta prioritera bort ting som er gode i deg sjølv om dei kjem i vegen for å prioritera det viktigaste som er Gud.
Ikkje fornekta seg sjølv
Bibeltimane laurdag vart avslutta med å understreka at det Jesus er og gjer er vårt som trur på han. Gud kan ikkje fornekta seg sjølv, difor kan Gud ikkje slutta å elska deg og meg. Og Gud kan ikkje tvinga nokon til å tru på han.
Jesus krev alt
På søndag tala Ottosen ut frå søndags tekst i Luk 9. 57-62
Bodskapen i denne teksten summerte han opp slik for forsamlinga; Jesus vil at forholdet til han skal kome framfor alt vi eig. Og at den som fylgjer Jesus kan stola på at Jesus ordnar opp. Søk først Guds rike og hans rettferdige, så skal du få alt dette andre i tillegg.
Ha blikket på Jesus, då er ein best skikka for Guds rike. Det å fylgja Jesus betyr ikkje at vi ikkje trenger kvile, avkopling, dette unner Guds oss når vi setter han først.
Temasamling
Bibelhelga vart avslutta med Temasamling.
«Korleis unngå at evangeliet druknar når kristne engasjerer seg i samfunnsdebatten»
Her vart det tatt fram tre moment som kan vera gode å ta med seg inn i samtaler og debatter som ofte vil handle om etikk.
Vi er alle syndarar og treng Guds nåde.
Det er viktig at vi elskar våre meiningsmotstandarar og vil dei vel.
Vi kan ikkje rekna med å vinna diskusjonar, men viktig om vi kan bryta ned fordommar mot kristne og kristen tru.