Vi skal få sjå tilbake på fjoråret i takknemlegheit til Jesus som var med, og sjå framover i det nye året i tillit til Jesus. Det sa Anders Undheim i talen der tema var «Tankar ved årsskifte».
Av Terje Slettebø
Vidare understreka han at vi kan læra av feiltrinn, be om tilgjeving og gå vidare. Paulus oppfordrar oss i Fil 3. 14 om å jaga mot målet, til den sigersprisen som Gud har kalla oss til der ovanfrå i Kristus Jesus.
I talen vart forsamlinga utfordra til å fokusera på kva ein kan gjera med framtida! Songstrofen «I dag begynner resten av ditt liv, så ikke sløs bort tiden med tomt tidsfordriv» ble tatt fram her.
Tåre eg å ha positive tankar for framtida i den tid vi lever i nå? Dette utfordrande spørsmålet bruka Anders til å peika på at det viktigaste vi kan gjera i det nye året er å koma nærmare Jesus og å lytte til Jesus.
Fleire flotte bibelvers vart tatt fram, eit av dei var Joh åp. 3.8: « Eg veit om gjerningane dine. Sjå eg har sett framfor deg ei opna dør , og ingen kan lata henne att. For du har lita kraft, og har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.»