Kristihimmelfartsdag 2026

Jesus sette seg ved Guds høgre hand då han for opp til himmelen igjen. At Jesus sette seg viser oss at frelsa var fullført, han har gitt seg sjølv som eit fullkome offer. For alltid vil det gå ei kraft ut frå dette offer som reinsar oss for synd, som trur på han. Krafta i Jesus sitt offer tapar aldri si kraft.

Av Terjre Slettebø

Dett var første punkt som Magne Birkedal understreka i talen Kristi himmelfartsdag, der han tok utgangspunkt i Markus 16. 19-20.

Vidare trekte han fram at læresveinane gjekk ut og forkynte alle stader. Dei som møtte den oppstadne Jesus etter påske måtte fortelja det til andre. Når vi menneske i dag får ta imot frelsa av Jesus, skjer det ein reaksjon i oss, fleire må få del i dette. Vår kall er å bera vitnesbyrdet vidare. Og Birkedal minna om at det er det enkle vitnesbyrdet om Jesus som når lengst i møte med andre menneske.

Som det tredje punkt i teksten understreka Magne Birkedal at Herren var med dei og stadfesta Ordet med dei teikna som fylgde med. Teikn og under fylgjer spesielt med når evangeliet blir forkynt på nye stader. Dei synlege teikn vitnar om usynlege, at Gud frelser og tilgjev synd, avslutta han.

Powered by Cornerstone