Av Terje Slettebø
Advent er i ferd med å bli ei gløymt markering. Men innhaldet i desse vekene før jul er altfor viktig til det. Advent betyr Herrens komme. Gjennom bodskapen desse 4 søndagane før Jul blir vi minna om at Jesus kom til jord. At Jesus kjem her og nå, kvar dag, til alle som tek imot han. Og at Jesus skal koma tilbake og henta alle som trur på han heim til himmelen.
Den gamle adventssongen «Gjer døra høg. Gjer porten vid» seier det så treffande i vers 6
«Gjer døra høg, riv stengsla ned Og inn til deg din konge bed! Då kjem han til deg mild og sterk Og fremjar i deg alt Guds verk»
Adventstida har eit herleg fokus. Jesus vil koma til deg og meg. Han vil koma med frelse, fred og håp. Du og eg, vi kan opna oss og ta Jesus inn i våre liv, denne moglegheit har adventstida for oss alle. Som salme 24. 7 seier det: «Lyft dykkar hovud, de portar, ja lyft dykk de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan koma inn!»
Du er velkomen til å ta kontakt med oss, om har du spørsmål eller kommentarar til andaktene her på INN-kyrkja si nettside! Mail:terje@innkyrkja.no