Markene kvitnar mot hausten!

Det er Jesus som seier dette når han er på vandring gjennom Samaria. (Joh. 4) Og han oppfordrar læresveinane til å løfte blikket og sjå markene som kvitnar mot hausten.

Andakt av Terje Slettebø

Jesus talar om menneske som er klare til innhausting i Guds rike. Menneske kan koma til tru på Jesus og bli redda for himmelen fordi Jesus har tatt alt som skil  oss frå Gud (synda) på seg. Slik er vi menneske modne for innhausting i Guds rike, alt som måtte gjerast vart gjort då Jesus døydde på krossen på Golgata.

Dette kan gje oss frimod til å vitna om Jesus for alle og invitera til Guds rike. Alle er kvalifisert på grunn av det Jesus gjorde, det er berre å takka ja og ta imot invitasjonen.
Sjå opp sa Jesus, sjå opp på kva Gud i himmelen kan. Det er Jesus som ved Den Heilage Ande kan kalle mennesker til seg og sitt rike.

Kva med deg og meg? Tanken kan letta koma om at eg er ikkje god nok for Guds rike, eg passer ikkje inn der. Sjå opp, du og eg passer inn i Guds rike på grunn av det Jesus har gjort for oss. Spørsmålet er berre om Gud får hauste oss inn!

Du er velkomen til å ta kontakt med oss, om har du spørsmål eller kommentarar til andaktene her på INN-kyrkja si nettside! Mail:terje@innkyrkja.no

Powered by Cornerstone