Av Terje Slettebø
Hanna vendte seg mot Gud, folket vendte seg bort frå Gud og gjere det som er rett i eigne auge. Det var det første Marie Eggebø Stokke tok fram i talen på Gudstenesta. Og Hanna fekk oppleva at Gud lytta og er ein Gud til å stola på. I Hanna sin lovsong, 1. Sam. 2.1-10, vitnar ho om at Herren gjev stor kraft og at det ikkje finst eit fjell, sikker grunn, som vår Gud.
Hanna fekk sonen Samuel og gav han til Herren slik ho hadde lova, og Samuel tente i tempelet for Herrens åsyn. Samuel får oppleva at Gud ropa på han. Og han svarer Gud: Tal, tenaren din høyrer! 1 Sam 3.10. Og Marie Eggebø Stokke utfordra forsamlinga. Tåre me å svara, tal Herret enaren din lyttar? Vil me gje Gud alt? Vil me gå når Jesus ber oss om å gå?