Gudsteneste Allehelgssøndag

 

Kjenne, elske og tene Jesus var Reidar Røyland sitt tema for talen på INN-kyrkja si Gudsteneste 03. nov.

På denne søndagen minna han om at det var fint å sjå tilbake på personar som hadde gått foran, som hadde gjort gode val, som hadde blitt til velsigning for oss som lever nå. Han trakk for sin del fram sin eigen farfar.

Og vidare at utfordringa for oss i dag er å rydde plass i kvardagen til å bli kjent med Jesus gjennom Bibellesning og bønn. Kome så nær Jesus at vi forstår smerten han bar for oss. Då vil vi elske Jesus og bli villig til å tene han. Røyland utfordra spesielt til å tene Jesus gjennom å ta seg av våre nærmaste i familien, og å la Jesus få bestemme over våre bankkort, givertenesta til arbeidet i Guds rike!

Eit flott lovsangsteam av unge voksne løfta sangen i Gudstenesta og fekk vera med å understreka det som vart forkynt.

I samlinga fekk vi også ei videohelsing frå Magnhild og Morten Sørlie som er utsendingar i Elfenbenskysten. Kjekt å sjå korleis våre utsendingar har det i sin kvardag og teneste! Forsamlinga fekk også dela nattverd, og etterpå tok mange seg god tid til litt kaffi og god drøs!

Powered by Cornerstone