Av Terje Slettebø
Vi menneske ynskjer at svaret er gode gjerningar. Men det er som å hausta av treet før det er planta, sa Steinar Harestad i talen på Gudstenesta 6. april. Og han la til, Jesus sitt svar er at vi må tru på han som Gud har sendt.
Søndagens preiketekst var frå Joh 6. 24-36, om Jesus som livets brød. Det vart understreka at hjå Jesus kan vi få del i ein åndeleg mat som varer til evig liv.
Joh 17.3, Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sendte, Jesus Kristus. Gud reknar berre med Jesus som grunnlag for vår frelse.
Mange tok anstøyt av Jesus og hans bodskap om livets brød, og gjekk bort frå han.
Harestad utfordra forsamlinga med spørsmålet; Kan du leva ditt liv utan Jesus her på jord? Og kan du leva utan Jesus i møte med Gud.