Gudsteneste 3. søndag i advent

Jesus stod opp og lever! Jesus er den einaste som har stått opp og har ei tom grav, dette viser oss kor stor grunn vi har til å tru på han.

Av Terje Slettebø

Dette sa Arnt Magne Granberg i sin tale på Gudstenesta! Der viste han til at i GT er det 200 profetiar som peikar fram til Jesus Arnt Magne understreka også at skrifter utanom Bibelen stadfester Jesus og hans oppstandelse.

Med utgangspunkt i 1. Kor 15.20 som seier at Jesus er fyrstegrøda av dei som er sova inn, understreka Granberg at det som skjedde med Jesus i oppstod også vil skje med alle som trur. Som kristne har vi eit herleg håp å sjå fram til.

Men kvifor er det så få som tek imot dette og trur på Jesus?
Her vart forsamlinga minna om at vi har ein motstandar som med løgn prøver å halda oss menneske borte frå Jesus, ja at vi må kjempa mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Men at Jesus med si oppstode har vist at han er en sterkaste og vil sigra til slutt.

Powered by Cornerstone