Jesaja 40. 8 «Graset tørkar bort, blomen visnar. Men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.»
Av Terje Slettebø
Korleis blir det nye året? Kva vil møta meg? Finst her noko som er sikkert som vi kan stola på? Spørsmåla kan vera mange nå ved inngangen til 2026. Og det er god grunn til å stilla desse spørsmål!
Som menneske er det ikkje mykje vi kan vera sikre på. Men går vi til Bibelen finn vi to sanningar som ikkje kan endrast. Ordet frå Gud, det vi har i vår Bibel, vil alltid stå fast og kan ikkje endrast. Og les me Hebr 13.8, ser vi at dette blir dobbelt forsikra; «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.»
Jesus vil vera den same i 2026 som han alltid har vore. Han er redningsmannen vår som ved sin død og oppstode har gitt oss ei frelse som bergar for evig liv i himmelen. Jesus har ei utstrekt hand til alle som vil vende seg til han og ta imot nåde og tilgjeving for synda i våre liv. Du og meg er invitert til å starte det nye året i ein nær relasjon til Jesus. Det er den største tryggleik ein kan ha i møte med ei ukjent framtid.
Det smertefulle er at mange vel å takke nei til ein relasjon til Jesus og slik set seg utanfor redninga frå Gud gjennom Jesus. Håper ikkje du som les dette er ein av dei, for alternativet er så uendeleg stort!
Joh 1.12 «Men alle dei som tok i mot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss, om har du spørsmål eller kommentarar til andaktene her på INN-kyrkja si nettside! Mail:terje@innkyrkja.no