Av Terje Slettebø
Når livet blir tungt, børene ein ber er tunge, forventningane frå andre blir som ein tung sekk, og krava frå Gud som eit høgt uoverstigeleg fjell. Då er det godt å få venda blikket bort frå ein sjølv og mot noko som kan vera til hjelp.
Og det er nettopp dette denne setninga i Bibelen inviterer oss til. Sjå der Guds lam! Sjå på Jesus! Sjå på Jesus som ber all synd i verda. Og Guds ord fortel oss at han ber den med seg opp på krossen, betaler med sitt liv for den og slik tar den bort.
Sjå på Jesus, det du burde gjort men ikkje gjer, Jesus bar det opp på krossen.
Sjå på Jesus, det du gjer som ikkje skulle vore gjort, Jesus bar det opp på krossen.
Sjå på Jesus, det Gud krev av deg og meg som vi ikkje makter oppfylla, Jesus bar det opp på krossen.
Sjå på Jesus, legg av alle bører hjå han. Han vil ikkje du skal bera det han har bore for deg. Sjå på Jesus, du er fri. Kvar dag skal du få leva i hans nåde og tilgjeving.
Det er fastetid fram til påske, fylgjer vi Jesus gjennom påsken ser vi døden på krossen endar med oppstode påskemorgon.
Sjå på Jesus, han lever i dag, er vår redning, trøyst og håp. Ein relasjon til Jesus er å få leve livet saman med den levande Gud.
Sjå på Jesus, han lever og kjem til deg, han opprettar kontakten med deg, han reddar deg og ber deg.
Trygve Bjekrkrheim seier det slik i ein song:
Du får koma til Jesus når gale det gjekk,
du får koma for tusende gong.
Han vil reisa deg opp, han vil gle deg igjen,
Han vil fylla ditt hjarta med song.