Er Bibelen påliteleg?
For å kunna svara på det må vi sjå på kva Bibelen seier om seg sjølv, sa Jan Helge Aarseth i sin tale på Gudstenesta.
Av Terje Slettebø
Han trekte fram 2. Tess. 2. 13, «Difor takkar vi alltid Gud for dette: Då de fekk det ordet som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det i sanning er, som Guds ord, som verkar med kraft i dei som trur."
Aarseth understreka også at vi kan ikkje skilja mellom vårt forholdet mellom Bibelen og forholdet til Jesus. Det er Jesus si røyst vi høyrer i Bibelen. Joh 10. 14.-16
Bibelen består av det gamle testamente, og det nye testamente. Bibelen er ein avtale mellom Gud og oss menneske, inngått av Gud. I Bibelen blir det også lagt vekt på å få fram at dei som skriv om kva Jesus sa og gjorde var augevitne til det. Luk 1. 1.-3 og 2. Pet 1. 16 Og i 2. Tim. 3. 16 blir det understreka at heile skrifta er innanda av Gud.
Til slutt viste Jan Helge til ordet i Joh åp. 3.8 om at det er ei opna dør for den som held fast på Guds ord. Den som set si lit til ordet kan vera trygg, var bodskapen til forsamlinga.