Det var tema for Anne Berit Aasland sine tale. Gud ser enkeltmennesker, og vi er kalt til å gå ut og møte vår neste.
Ho peika på den gode hyrden i Luk. 15 som gjekk ut og leita opp den ene sauen og bar den heim. Dette viser oss at kvart menneske er verdifull for Gud. Og Gud kan få møta enkeltmennesker gjennom oss ved at vi skaffa oss ikkje kristne venner. Her understreka Anne Berit at vi som kristne skal gjera er å fylgja Jesus, så skal han gjera oss til menneskefiskarar.
Eit viktig punkt i talen var også at vi som forsamling skal vera rause,
imøtekomande, inkluderende og hjelpsomme mot alle som treng vår omsorg både i og utanfor forsamlinga. Som kristen har vi alltid eit håp i Gud. Kva ville Jesus ha gjort, ha han til forbilde, oppfordra Anne Berit.
I Gudstenesta var det også intervju med Margunn Salmelid som nå reiser tilbake til misjontenesta i Tanzania etter ei tids heimeopphold!
Ho gleda seg til å ta fatt på oppgåvene igjen i Tanzania saman med Geir Tore Salmelid.