Av Terje Slettebø
Jesus vart født i ein stall. Den var eit enkelt, skittent og sikkert eit stusseleg rom for ein fødsel. Gud bestemte ramma rundt Jesus slik, for å visa verda at hans son kom for menneske i alle livssituasjonar.
Me les i juleevangeliet at stjerna stoppa over stallen. Gud såg ned til Maria, Josef og Jesusbarnet i stallen. Gud ser ned til oss der vi er, same kven vi er, og same korleis vi har det rundt oss. Jula talar om at Gud ser og bryr seg om vanlege folk.
I Juleevangeliet i Luk 2. 10b-11a «For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by.
Jesus, frelsaren som kjem til oss og som vi feirar spesielt i jula. Hans frelse, tilgjeving, redning og håp, var ei glede som skulle vera for alle. I møte med Jesus stiller vi alle likt, Jesus spør ikkje etter kvalifikasjonar, men etter opne hjarte. Jesus og julebodskapen er for vanlege folk som rettar sine hjelpelause hender mot Jesus.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss, om har du spørsmål eller kommentarar til andaktene her på INN-kyrkja si nettside! Mail:terje@innkyrkja.no