Alt høyrer Herren til. Gje keisaren det som høyrer keisaren til og Gud det som høyrer Gud til.
Av Terje Slettebø
Dette var tema for talen til Randi Klingsheim Bø på Gudstenesta i INN-kyrkja ut frå søndagens tekst i Matt 22. 15-22.
Ho minna først om kva det vil sei i vår tid å gje keisaren det som høyrer keisaren til.
- Det å vera sann og ærleg med pengar i forhold til skatt, moms og avgifter er etter Guds vilje. Vi skal fylgja landets lover så lenge dei ikkje er i strid med Guds ord. Og ein skal engasjera seg i samfunnet, ha fokus på det gode, bidra til fred og be for samfunnet.
Vidare minna Randi forsamlinga om kva det er å gje Gud det som høyrer Gud til.
Ho minna om vårt forhold til pengar og at vi skal gje kollekt, offer eller tiende.
Alt vi eig og har kjem frå Gud og høyrer han til. (1. Krøn. 29. 10-16 og Salme 21.4) Difor skal vi gje vår tid og våre evner til Gud. Vår takk og vår klage skal vi også få venda oss til Gud med.
Djupast sett handlar det om at alt i livet høyrer Gud til, avslutta Klingsheim Bø.