Forsamlingsweekend til Utsyn

Takk for flott forsamlingsweekend

Av Terje Slettebø

Vi i INN-kyrkja er takknemlege for forsamlingsweekenden vi fekk ha til Utsyn Misjonssenter på Finnøy 19.-20. oktober. Vi var omlag 35 personar i alle aldra som fekk oppleva flott sosialt fellesskap og lytta til inspirerande forkynning.

Tema for Weekenden var "Det er ikkje farleg å dele tru? Og Arnt Magne Granberg som var med som talar minna oss på ut frå sendebrevet til Filadelfia i Joh. åp. 3. 7-13 om at her er ei opna dør for evangeliet for den som held fast på Guds ord og Jesus. Sjølv har ein lita kraft men styrken får ein av Jesus.

Granberg peika også på, ut frå Domarane 11 om Jefta, kor viktig det er å ha Jesus sitt sinnelag i møte med dei som står nederst på rangstigen i samfunnet. Dei som treng ekstra hjelp og ikkje har noko å gje tilbake. Jefta vart også lyfta fram som eit døme på ein person som Gud fekk bruka sjølv om han hadde eit vanskeleg utgangspunkt.

Etter godt og vel eit døgn saman var verka det som ein godt nøgd gjeng som sette kursen heimover. Vi vart godt mottatt og fekk godt stell på Utsyn. Og helga gav inspirasjon og nytt mot i Guds rikes arbeid.

 

Powered by Cornerstone