Velkommen til INN-kyrkja

INN-kyrkja holder til på Lye Forsamlingshus på Lyefjell, i nærheten av Bryne på Jæren.

INN-kyrkja er et fellesskap for alle generasjoner, med ulike tilbud til ulike grupper og livssituasjoner.

LES MER

Forsamlingsweekend 19.-20. sept. 2026

INN-kyrkja - Forsamlingsweekend Lørdag 19. september til søndag 20. september 2026 på Utsyn, Finnøy. Talar Marit Andersen

KOM OG BLI MED PÅ EI FLOTT HELG

Oppmøte på Utsyn mellom kl. 11.30 og 12.00

Avslutning etter middag på søndag.

Priser for weekenden:

0-3 år gratis

4-17 år:  kr 300 (subsidiert)

Vaksne : kr 1505
Tillegg enerom kr 250, tillegg oppreidd seng og håndklær kr 250 pr seng.

Bestille sengetøy og håndklær kr 150 pr sett

Gje beskjed mot matallergier eller andre behov.

Påmelding innan 01 juni!!

Til Marit Dalstrøm tlf. 995 37 013
E-post: mafadahl@gmail.com

 

 

 

 

 

Gudsteneste 03. mai

Himmelvandrar, det kan vera godt å få eit glimt av målet medan ein er på veg.

Av Terje Slettebø

Dette var utgangspunktet for Svein Kåre Harestad sin tale på Gudstenesta denne søndagen. Han tok utgangspunkt i teksten i Joh 2. 1-11, bryllaupet i Kana.

Maria legg problemet med at dei har gått tomt for vin over på Jesus. Jesus svarer at hans time er enda ikkje komen. Gud har ein timeplan og Bibelen seier oss at det som skjer er etter Guds timeplan. Gud sendte Jesus til jord som vår frelsar når han hadde bestemt at det skulle skje.

Vidare understreka Svein Kåre at Jesus gav dei den vinen dei trong til bryllaupet. Dette viser oss at Jesus høyrer bønn. Jesus brur seg om oss i både kvardagar og festdagar. Og han kan gjera under.

Dette underet at Jesus gjorde vatn til vin var eit teikn. Ein kristen har det beste i vente.
Det venter ein fullkommen verden vi skal få tre inn i der vi også er vaske reine for synd.
Som kristne er vi himmelvandrarar. Og når Gud griper inn med under her i verden får vi eit glimt av himmelen, avslutta Harestad

Gudsteneste 19.04.26

De er saltet på jorda! (Matt 5.13) Saltet er i sin natur annleis, og har sin kraft i det å vera på ein annan måte. Spørsmålet er om vi kristne er blitt for likegyldige.

Av Terje Slettebø

Jarle Haugland hadde dette verset i Matt 5.13, om å vera salt som duger eller mister si kraft, som utgangspunkt for talen, og stilte vidare spørsmålet. Kvifor har vi hatt avkristning. Hans svar var at saltet har mista si kraft.

Vi er verdens lys og salt. Vi kan ikkje anklage mørke for mangel på lys.

Saltet setter smak og hindrar at ting rotnar. Mineralsalter forbetrar jordsmonnet Luk 14. 34 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kva skal det då saltast med?

Vårt nærvær som kristne saman med andre menneske pregar «jordsmonnet» hjå dei, og forbereder  dei på å ta imot Jesus.

Vår måte å vera annleis på som kristne understreka Jarle, er at Heimlandet vårt er himmelen. Guds rike sine verdiar blir levd ut gjennom oss, vi tar våre val ut frå at det viktigaste er å samle skattar i himmelen. Vår identitet og rolle som salt er at vi er i Kristus. Fred, tryggleik, audmjuke, andens frukt, styrke i svakheit og fattig i ånda skal prege den kristne.

Eg veit kven eg trur på!!

Dette var hovudtema for Bibelhelg i INN-kyrkja 19.-20 oktober. Kommentator avisa Dagen, Espen Ottosen var med som talar.

Av Terje Slettebø

I Bibeltimane på lørdag tok han  utgangspunkt i tekstavsnitta 2. Tim 1. 8-14 og  2. Tim 2. 1-13.

 

Bilde
Espen Ottosen på Lye Forsamlingshus

Å lida for evangeliet
Ottosen trekte mellom anna fram oppfordringa i brevet om å bera lidinga for evangeliet, ikkje skamma seg, men prisa Gud for å vera funnen verdig. Og at liding for evangeliet i Norge i dag kan opplevast veldig ulikt, og nokon opplever det ikkje; Før kunne ein bli sett på som dum, nå blir ein sett på som ond når ein har eit konservativt syn, sa Espen.

Relasjon til Jesus
Vidare i Brevet oppfordrar Paulus til ikkje å skamma seg over evangeliet! For eg veit kven eg trur på. Og her er det ein hemmelegheit: -Han vi trur på er noko spesielt, Han sørger for å bevara deg i det som han har gitt deg. Kristendom er ikkje livssyn, verdiar eller kulturarv, men personen Jesus. Her er det eit skilje mellom klassisk kristendom og ullen religiøsitet. Kristendom som frelsar er relasjon til personen Jesus, påpeika Espen Ottosen.

Du kan lesa meir frå Bibelhelga her:https://innkyrkja.no/aktuelt/bibelhelg

Nye utfordringar i Elfenbenskysten.

I august 2025 reiser Magnhild og Morten Sørlie ut til sitt andre år som utsendingar for Misjonssambandet i Elfenbenskysten. Ein ny og spennande kvardag venter dei, og dei er glade for å ha INN-kyrkja og andre forsamlingar i ryggen.

Av Terje Slettebø

Første året i Elfenbenskysten budde dei i storbyen Abidjan. Språkstudie i fransk har vore hovudsaka dette første året. Men også eit viktig år for å bli kjent med kultur, folket, kollega og arbeidet i kyrkja; -Vi har blitt kjent med eit fint folkeslag, dei er positive, takknemlege, opne og veldig sosiale. Kristne og muslimar bur side om side. Vi har budd i ein storby med mykje folk over alt, så det har vore ein stor forskjell frå livet heime. Språkbarrierar har også vor ei utfordring, fortel Magnhild og Morten.

Når dei nå kjem ut til andre året skal dei bu og arbeida i Ouaninou. Ein liten by/landsby nordvest i Elfenbenskysten.

Les heile artikkelen her:https://innkyrkja.no/aktuelt/aktuelt/elfenbenskysten

Ynskjer du å få tilsendt nyhetsbrev frå Magnhild og Morten, bruk denne linken: 
https://mailchi.mp/cce82d98a6bc/sorlieielfen

Vi trivst i ei meningsfull teneste.

Margunn og Geir Tore Salmelid frå Lye og INN-kyrkja reiser hausten 2025 ut til sitt 3. år som misjonærar for Dansk Luthersk Mission (LM) i Iringa i Tanzania. Ekteparet kjenner landet godt etter også mange år som utsendingar i Tanzania for Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Av Terje Slettebø

Margunn og Geir Tore arbeider nå på det lutherske ,-retreat,- og misjonssenteret i Iringa som LM driver i samarbeid med den evangelisk-lutherske kyrkja i Tanzania. Sentralt i arbeidet der er ekteskapskurs for prester og evangelistar; -Gammal kultur set fast i folket så det er viktig å gje opplæring i kva bibelen seier om ekteskapet og korleis kristenlivet kan levast ut gjennom ekteskapet. Me kan halda fram kva Bibelen seier, men det er dei sjølve som må finna ut av  korleis det skal praktiserast i deira liv og ekteskap, seier Margunn, og Geir Tore legg til; -Kan vi få bevisstgjera prester og evangelistar på kva eit kristent ekteskap er så har dei ei nøkkelrolle til å kunna formidla dette vidare til andre. Og fungerer ekteskapa godt er det eit viktig grunnlag for at prestar og evangelistar også kan fungere godt i tenesta.

Les heile artikkelen her: https://innkyrkja.no/aktuelt/aktuelt/vi-trivst-i-ei-meningsfull-teneste

Lys og vitne

INN-kyrkja sin utsending, «Mona», som har vore i Nord-Afrika nokre år er nå tilbake i Norge. Her fortel ho litt om korleis tida som utsending har vore.

Av Terje Slettebø

Kva hovudinntrykk set du igjen med etter tida i Nord-Afrika?
- Hovudinntrykket eg set igjen med er nok at det ennå trengs folk som er villige til å leve som vitne og lys i kvardagen i et muslimsk land! Og at eg ikkje er heilt ferdig der, sjølv om eg nå er i Norge! (Forhåpentlegvis får eg bli ennå meir utrusta både fagleg/karrieremessig, men òg på korleis ein kan fortelja det gode bodskap videre i opphaldet mitt i Norge). Og så innser eg meir og meir at det viktigaste me kristne kan gjere er å vere med å be om at Gud skal vise seg for folk, gjerne med hjelp av oss

Her kan du lese heile denne artikkelen:
https://innkyrkja.no/aktuelt/aktuelt/vitne-og-lys-i-kvardagen

fredag 13, februar 2026
Anders Undheim, INN-kyrkja Lye, 25.01.26, "Tanker ved årsskifte"
Hør her
fredag 13, februar 2026
Terje Slettebø, INN-kyrkja Lye 08.02.26, "Livet med gullbilletten"
Hør her
mandag 19, januar 2026
Terje Slettebø. INN-kyrkja Lye 11.01.26. Tema: "Himmelvandrar"
Hør her
onsdag 17, desember 2025
Aud Karin Kjølvik Ringvoll, INN-kyrkja Lye 30.11.25, "Håpets Gud"
Hør her
Powered by Cornerstone